Fotballkamp i Voss idrettshall

Voss Idrettshall

Storstova for kultur og idrett på Voss

Voss Idrettshall er ein stor fleirbrukshall som høver seg godt til idrettsativitet, møter, messer og konsertar. Idrettshallen er drifta av Vossabadet og Voss Idrettshall KF. I tillegg til sjølve hallen har me 10 garderobar med dusjar, møte- og undervisningsrom, aerobicsal, skytebane og kafé. I helgane, når det ikkje er etterspørsel frå idretten, er det mogleg å leiga hallen for arrangement som utstillingar, konserter og konferanser for å nemna noko.

Her finn du oss

Idrottsvegen 13

5700 Voss